Hjem
Studentsider
erasmus+

Universität zu Lübeck og Det medisinske fakultet (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByLübeck
  • Studieplassar8
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld berre for medisinstudentar.

Tal på studieplassar i avtalen gjeld for eit heilt år. Vær obs på at tal på plassar kan variere frå år til år avhengig av kapasiteten ved vertsinstitusjonen.

Når i studiet kan eg reise

Etter at du har bestått eksamenar tilsvarande minimum 60 studiepoeng, kan du tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen.

Eit utvekslingsopphald ved Universität zu Lübeck eignar seg imidlertid best for:

  • Medisinstudentar som har sitt 9. semester på hausten.
  • Medisinstudentar som har sitt 7. eller 9. semester på våren

Vårsemesteret i Lübeck startar opp først i byrjinga av april. Haustsemesteret i Lübeck varar til februar.

Språk

Undervisningsspråket er tysk.

Dersom du ikkje har nok tyskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle språkkurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Dersom du vil ta ein del av spesialiseringa di ved dette universitetet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande spesifikke emne ved UiB. Du må altså velje emne som samsvarar med dei emna du elles skulle ha tatt ved UiB i same semester/semestera.

Følgande emne ved Universität zu Lübeck, samsvarar med emnekombinasjonar for heile semester ved UiB:

  • Course opthalmology, course otorhinolaryngology, course neurology, course psychiatry + two weeks clinical rotation in psychiatry.

Gjennomført undervisning og bestått eksamen i desse emna i Lübeck, er vurdert som tilsvarande 7. semester (MED7) ved UiB. Vær obs på at nevrologi i Lübeck er todelt, der den eine delen går om hausten. Det er mogeleg å lese sjølv på den delen ein mister og ta eksamen i denne på våren.

  • Block practical gynaecology and obstetrics incl. practical training, Block practical Paediatrics incl. practical training, 1 week additional clinical practice in gynaecology and obstetrics, 2 weeks additinal clinical practice in pediatrics.

Gjennomført undervisning og bestått eksamen i desse emna er vurdert som tilsvarande 9. semester (MED9) ved UiB, med unntak og genetikk som du må gjennomføre ved UiB før eller etter utanlandsopphaldet.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Flott bygning
Foto/ill.:
© Universität zu Lübeck

Informasjon