Hjem
Studentsider
erasmus+

Albert-Ludwigs-Universität Freiburg og Institutt for fremmedspråk (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByFreiburg im Breisgau
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for alle studentar på bachelorprogrammet i tysk, og andre studentar som ønsker å ta emne innanfor tysk språk, litteratur og kultur. Det er eit krav at du skal ha bestått eksamenar tilsvarande minst 60 studiepoeng før du reiser på utveksling. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelorprogram ved UiB i heile den perioden du er ute.

Studentar som går på bachelorprogram i tysk blir prioritert i fall det er fleire søkarar enn plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i tysk: Det passar best å reise på utveksling i løpet av dei siste fire semestera av bachelorprogrammet.

Studentar på andre studieprogram: Undersøk med studieprogrammet du går på i kva semester du kan ta frie studiepoeng. Det er vanlegvis då det passar best å reise ut.

Språk

Undervisningsspråket er tysk.

Dersom du ikkje har nok tyskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå uib.no for informasjon om språkkurs og språktandem.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om kva konkrete kurstilbod som finst for innreisande studentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Bilete av campus
Foto/ill.:
© Albert-Ludwigs-Universität Freiburg im Breisgau

Informasjon