Hjem
Studentsider
erasmus+

Ruprecht-Karls-Universität Heidelberg og Det medisinske fakultet (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByHeidelberg
  • Studieplassar4
  • StudienivåMaster
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld berre for medisinstudentar.

Tal på studieplassar i avtalen gjeld for eit heilt år. Vær obs på at tal på plassar kan variere frå år til år avhengig av kapasiteten ved vertsinstitusjonen.

Når i studiet kan eg reise

Medisinstudentar kan reise på utveksling til Universität Heidelberg i sitt 7. semester eller 9. semester. Det er mogeleg å reise ut i haust- eller vårsemesteret.

Haustsemesteret varer frå starten av september til slutten av desember. Vårsemesteret varer frå starten av mars til juli.

Språk

Undervisningsspråket er tysk.

Dersom du ikkje har nok tyskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg på språklegfør utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekka utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle språkkurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Du må velje emne som kan godkjennast som tilsvarande spesifikke emne ved UiB.

Følgande emne ved Universität Heidelberg, samsvarar med emnekombinasjonar ved UiB:

  • Gynecology, Obstetrics with practical training (3 weeks famulator), Pediatrics with block practical training (3 weeks famulator), Human Genetics.

Gjennomført undervising i desse emna er vurdert som tilsvarande 9. semester (MED9) ved UiB. Dersom det er naudsynt, kan Human Genetics sløyfast og erstattast med ein liten eksamen i genetikk ved UiB.

  • Neurology, Psychiatry, Child and Adolescent Psychiatry, Psychosomatic Medicine, Ear, Nose and Throat Medicine, Opthalmology, 2 weeks clinical rotation (famulator) in psychiatry.

Gjennomført undervising og bestått eksamen i desse emna er vurdert som tilsvarande 7. semester (MED7) ved UiB. OBS: Heidelberg krev eit C1-nivå i tysk for psykiatripraksis. Dersom du ikkje er på dette nivået, må du ta ekstra psykiatripraksis i Noreg etter opphaldet.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Informasjon