Hjem
Studentsider
erasmus+

Ruprecht-Karls-Universität Heidelberg og Institutt for økonomi (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByHeidelberg
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på både bachelor- og masternivå. Avtalen gjelder først og fremst for studenter ved Institutt for økonomi, men andre studenter kan også søke.

Når i studiet kan eg reise

Studentane må ha fullført 60 studiepoeng før avreise. Studentar ved bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi vert råda til å dra på utveksling etter at dei har bestått 3. semester. Studentar ved profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi og bachelorprogrammet i politisk økonomi vert råda til å ta utvekslinga i 4. semester.

Masterstudentar vert råda til å reise i sitt andre semester, der ein tar valemne på masternivå i samfunnsøkonomi.

Språk

Universitetet krev gode kunnskapar i tysk. Universitetet tilbyr språkkurs før semesterstart. Informasjon kan finnast her: http://www.uni-heidelberg.de/international/erasmus/incoming/language_skills.html

Kva emne kan eg ta

Heidelberg har eit godt utval emne for studentar innan samfunnsøkonomi og business, og studentar vert råda til å velje desse. Studentane kan ta emne både på bachelor- og masternivå.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Flott bygning
Foto/ill.:
© Universität Heidelberg

Informasjon