Hjem
Studentsider
erasmus+

Ludwig-Maximilians-Universität München og Geofysisk institutt (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByMünchen
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for studentar på bachelor- og masterprogramma i meteorologi og oseanografi. Andre interesserte studentar kan òg søke, men blir prioriterte etter programstudentane ved Geofysisk institutt dersom det er fleire søkarar enn ledige plassar.

Du må ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling.

Når i studiet kan eg reise

Etter at du har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng, kan du tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. For studentar som går på bachelorprogram i meteorologi og oseanografi passar det best å reise på utveksling i 5. og 6. semester.

God planlegging er viktig for eit utbyterikt utvekslingsopphald.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er i hovudsak tysk. Det finst òg eit avgrensa emnetilbod med engelsk som undervisningsspråk.

Dersom du ikkje har nok tyskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om kva språkkurstilbod som eventuelt finst for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Som bachelorstudent i meteorologi og oseanografi har du obligatoriske emne i 5. og 6. semester, og du må derfor velje emne som kan godkjennast som erstatning for spesifikke emne i studieplanen ved UiB. For dei frie studiepoenga kan du velje fritt mellom emna universitetet tilbyr. Vi tilrår likevel at du også her vel relevante emne som styrker bachelorgraden din, innanfor fagområde som for eksempel meteorologi, informatikk, matematikk eller fysikk. Emna du vel kan ikkje overlappe med emne du har tatt frå før, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Bilete av campus
Foto/ill.:
© Ludwig-Maximilians-Universität München

Informasjon