Universität Münster og Det juridiske fakultet (ERASMUS+ - 3. studieår)
- LandTyskland
- ByMünster
- Studieplassar6
- StudienivåBachelor
- AvtaletypeErasmus+
- Lengde på opphald1 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Denne avtalen kan nyttast av studentar på 3. studieår av masterstudiet i rettsvitskap.
Studieåra 2023/2024 og 2024/2025 kan avtalen også nyttast av studentar på siste studieår av masterstudiet i rettsvitskap (studentar på studieordninga av 2003).
Når i studiet kan eg reise
Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.
I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.
Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.
Språk
Undervisningsspråket er i hovudsak tysk, men det finst og eit rikt utval juridiske emne som blir underviste på engelsk. Det er nok emne på engelsk til at du ikkje treng å kunne tysk for å studere ved dette universitetet.
Universitetet har tilbod om tyskkurs for utvekslingsstudentar. Dette finn du opplysningar om på denne nettsida.
Kva emne kan eg ta
Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som valemne på 3. studieår (2021-studieordninga) eller spesialemne på siste studieår i masterprogrammet i rettsvitskap (2003-studieordninga).
Opplysningar om rettsvitskaplege emne finn du på denne nettsida.
Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.
Universitetet nyttar ikkje ECTS-systemet der ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng. Derfor må du rekne om frå lokale studiepoeng til ECTS-credits etter instruks frå vertsuniversitetet.
Studieavgift
Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Westfälische Wilhelms-Universität Münster er eit stort statleg breiddeuniversitet, med rundt 45 000 studentar og eit stort fagtilbod fordelt på 15 fakultet. Universitetet sine bygningar ligg over heile byen, og administrasjonen held hus på slottet i Münster.
Münster er ein mellomstor tysk by med om lag 280 000 innbyggarar som ligg i Nordhrein-Westfalen, vest i Tyskland. Byen er kjend for sin høge levestandard. Han har mykje grøntareal og blir rekna for å vere Tysklands fremste sykkelby.
Bustad
Universitetet har eigne studentbustader for internasjonale studentar. Dei fleste andre studentheimane i Müster er drifta av den lokale studentsamskipnaden. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden.
Semesterinndeling
Oktober - mars og april - juli/august.
Informasjon
- Hjemmesidehttp://www.uni-muenster.de/
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i SøknadswebIkkje søkbar
- FagnavnJuridiske fag