Hjem
Studentsider
erasmus+

Universität Potsdam og Institutt for økonomi (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByPotsdam
  • Studieplassar4
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på programma i samfunnsøkonomi har fortrinn på plassane. Studentar frå andre samfunnsvitskapelege fagområde blir vurdert om det er plassar ledig.

Søkaren må ha tatt minimum 60 studiepoeng ved utreise.

Når i studiet kan eg reise

Studentane må ha fullført 60 studiepoeng før avreise. Studentar ved bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi vert råda til å dra på utveksling etter at dei har bestått 3. semester. Studentar som går bachelorprogrammet i politisk økonomi vert råda til å reise på utvekslingen i 4. semester. Studentar på profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi vert råda til å reise på utveksling i 4. eller 8. semester. Masterstudenter bør reise i 2. semester.

Det er mogleg å søke for eitt semester eller eit heilt år. På grunn av semesterinndelinga er det ikkje mogleg å reise for berre haustsemesteret.

Språk

Undervisningsspråka er tysk og engelsk. Det er anbefalt å ha språkkunnskapar tilsvarande B1-nivå (CEFR) i tysk.

Institusjonen tilbyr tysk språkkurs til utvekslingsstudentar. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet.

Kva emne kan eg ta

Innreisande studentar blir ein del av Faculty of Economics and Social Sciences på Campus Griebnitzsee (som ligg nærast Berlin), og kan ta ei rekke emne på tysk og engelsk.

Her finner du en oversikt over hvilke emne som går: http://www.uni-potsdam.de/studium/en/studying/coursecatalogs/

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Informasjon