Hjem
Studentsider
erasmus+

Universität Potsdam og Institutt for informasjons- og medievitenskap (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByPotsdam
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar som går på bachelor- eller masterprogram i informasjonsvitskap har prioritet på å reise ut gjennom denne avtalen. Andre interesserte studentar kan òg søke, og vil bli vurderte dersom det er ledige plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i informasjonsvitskap kan reise på utveksling i løpet av 3.- 6. semesteret av bachelorprogrammet, men det er tilrådd å reise ut i 5. eller 6. semester. Dersom du ønsker å reise på utveksling i løpet av masterprogrammet, må du reise ut i eit haustsemester.

Språk

Undervisningsspråka ved universitetet er tysk og engelsk.

Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg på før utvekslingsopphaldet.Sjå UiB.no for meir informasjon. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle språkkurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Som hovudregel tilrår vi at du tar emne som frie studiepoeng når du er på utveksling. Oversikt over emnetilbodet ved universitetet finn du på universitetet sine nettsider: http://www.uni-potsdam.de/en/index.html

I alle høve er det ein føresetnad at du vel emne som ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Flott bygning
Foto/ill.:
© Universität Potsdam

Informasjon