Hjem
Studentsider
erasmus+

Aarhus Universitet og Institutt for klinisk odontologi (ERASMUS+ - Aarhus: Clincial rotation kull 3 tannpleie)

  • LandDanmark
  • ByAarhus
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen gjeld for studentar som går på bachelorprogrammet i tannpleie.

Når i studiet kan eg reise

Ein søkjer opptak til utveksling i byrjinga av 4. semester, medan sjølve utvekslingsperioden er 3 månader i 5. semester (haust).

Språk

Undervisningsspråket er dansk.

Normalt vil det vere uproblematisk å nytte norsk som skriftleg arbeidsspråk når ein er på utveksling ved lærestader i Skandinavia. Ver likevel merksam på at det ved somme lærestader kan vere naudsynt å søkje om særskilt løyve for å levere skriftleg arbeid på norsk.

Kva emne kan eg ta

Denne utvekslingsavtalen er i hovudsak tilrettelagt for klinisk teneste på ulike fagområde. Utvekslinga er tilpassa den siste delen (5. semester) av profesjonsstudiet bachelor i tannpleie, der du jobbar relativt sjølvstendig i tannklinikken. I den grad det er mogeleg, kan du òg delta på teoriundervisning. Du tar eksamen ved UiB saman med kullet ditt når du er ferdig med utvekslingsopphaldet. Du er sjølv ansvarleg for å halde deg oppdatert på pensum til eksamen, og å halde kontakt med fagmiljøet heime.

I Aarhus vil du vere ein del av deira "tandpleje"-program og då i 5. semester (tilsvarande vårt 5. semester.)bachelor.au.dk/tandplejer

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Bilete av campus
Foto/ill.:
© Aarhus Universitet

Informasjon