Hjem
Studentsider
erasmus+

Københavns Universitet og Institutt for klinisk odontologi (ERASMUS+ - København: Clinical rotation kull 5 odontologi)

  • LandDanmark
  • ByKøbenhavn
  • Studieplassar2
  • StudienivåMaster
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen gjeld for studentar som går på integrert masterprogram i odontologi.

Når i studiet kan eg reise

Studentane søkjer opptak til utveksling i byrjinga av 8. semester, medan sjølve utvekslingsperioden er 3. månader i 9. semester (haust).

Språk

Undervisningsspråk er dansk.

Normalt vil det vere uproblematisk å nytte norsk som skriftleg arbeidsspråk når ein er på utveksling ved lærestader i Skandinavia. Ver likevel merksam på at det ved somme lærestader kan vere naudsynt å søkje om særskilt løyve dersom det skal leveras skriftleg arbeid på norsk.

Kva emne kan eg ta

Utvekslingsavtalen gjeld i hovudsak for klinisk teneste på ulike fagområde. Utvekslingsopphaldet er tilpassa den siste delen (9. semester) av profesjonsstudiet integrert master i odontologi, der du jobbar relativt sjølvstendig i tannklinikken. I den grad det er mogeleg, kan du òg delta på teoriundervisning. Du tar eksamen ved UiB saman med kullet ditt når du er ferdig med utvekslingsopphaldet. Du er sjølv ansvarleg for å halde deg oppdatert på pensum til eksamen, og å halde kontakt med fagmiljøet heime.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Innovativt bygg på campus
Foto/ill.:
© Københavns universitet

Informasjon