Hjem
Studentsider
erasmus+

Syddansk Universitet og Det humanistiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandDanmark
  • ByOdense
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for studentar med gyldig studierett på bachelor- og masterprogramma i historie. Studieretten må være gyldig i heile perioden du er på utveksling.

Andre interesserte studentar kan òg søke, men blir prioriterte etter historiestudentane dersom det er fleire søkarar enn ledige plassar. Du må ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling.

Når i studiet kan eg reise

Etter at du har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng, kan du tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. God planlegging er viktig for eit utbyterikt utvekslingsopphald.

Språk

Undervisingsspråka ved universitetet er dansk og engelsk.

Normalt vil det vere uproblematisk å nytte norsk som skriftleg arbeidsspråk når ein er på utveksling i Skandinavia. Ver likevel merksam på, at det ved somme lærestader kan vere naudsynt å søke om særskilt løyve for å levere eksamen på norsk.

Kva emne kan eg ta

Du kan enten ta delar av spesialiseringa di, eller du kan velje emne som skal inngå som frie studiepoeng i graden din medan du er på utveksling ved dette universitetet.

Ønsker du å ta delar av spesialiseringa på utveksling må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande eitt eller fleire spesifikke emne ved UiB. Vel du å ta emne som frie studiepoeng, kan du velje fritt mellom emna universitetet tilbyr. Det er ein føresetnad at emna du vel kan ikkje overlappe med emne du har frå før, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Du kan få faglege råd om emnevalet undervegs ved å ta kontakt med studierettleiar@ahkr.uib.no

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Informasjon