Hjem
Studentsider
erasmus+

Syddansk Universitet og Det medisinske fakultet (ERASMUS+)

  • LandDanmark
  • ByOdense
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld berre for medisinstudentar.

Tal på studieplassar i avtalen gjeld for eit heilt år. Vær obs på at tal på plassar kan variere frå år til år avhengig av kapasiteten ved vertsinstitusjonen.

Når i studiet kan eg reise

Medisinstudentar kan reise på utveksling til Syddansk Universitet i sitt 9. semester. Frå 2025 er det diverre kun mogleg å reise ut på haustsemesteret, grunna kapasitetsproblem på sjukehusa.

Språk

Undervisningsspråket ved Syddansk Universitet er hovedsakleg dansk.

Normalt vil det vere uproblematisk å nytte norsk som skriftleg arbeidsspråk når ein er på utveksling i Skandinavia. Ver likevel merksam på, at det ved somme lærestader kan vere naudsynt å søke om særskilt løyve for å levere eksamen på norsk.

Kva emne kan eg ta

Syddansk har ny studieplan i medisin: https://mitsdu.dk/da/mit_studie/kandidat/medicin_kandidat/uddannelsens_opbygning

Vi arbeider med å finne gode løysingar for utveksling til Syddansk Universitet.

Det ser ikkje ut til at det er mogeleg å ta tilsvarande 7. semester (MED7).

Relevante emne for MED9:

  • Modul K8 Kvinde, mor og barn
  • Modul K7 Klinikperiode (du treng både gyn/obst og pediatri)

Gjennomført undervisning og bestått eksamen i K8 og K7 , kan godkjennast som tilsvarande MED9 ved UiB, med unntak av genetikk som du må gjennomføre ved UiB etter utanlandsopphaldet. For å få godkjent semesteret må du bestå ein skriftleg eksamen i medisinsk genetikk etter utanlandsopphaldet.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Informasjon