Hjem
Studentsider
erasmus+

Universitat de Barcelona og Institutt for geovitenskap (ERASMUS+)

  • LandSpania
  • ByBarcelona
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for studentar på bachelor- og masterprogramma i geovitskap. Avtalen kan og benyttast av lektorstudenter som har geovitskap som eitt av sine fag. Andre interesserte kan òg søke, men blir prioriterte etter geovitskapstudentane dersom det er fleire søkarar enn ledige plassar.

Ver merksam på at det blir stilt krav om at søkaren har eit karaktersnitt på C eller betre for å bli nominerte til ein av Institutt for geovitskap sine Erasmus-avtalar. Nokre universitet kan òg ha krav om høgare karaktersnitt enn dette.

Når i studiet kan eg reise

Etter at du har tatt minimum 60 studiepoeng, kan du tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. For studentar som går på bachelorprogrammet i geovitskap er det anbefalt å reise på utveksling i 6. semester. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile den perioden du er på utveksling.

Språk

All undervisning ved Universidad de Barcelona går føre seg på spansk eller katalansk, og utreisande studentar bør ha gode forkunnskapar i spansk språk. Universitetet tilbyr språkkurs i spansk og katalansk språk.

Les meir om språkkurs i katalansk her: http://www.ub.edu/sl/en/fl/bolxe.htm#credits

Les meir om språkkurs i spansk her: http://www.eh.ub.edu/Inici/ANG/Inicio.shtml

Kva emne kan eg ta

Studentar frå UiB som reiser ut gjennom denne avtalen til Universidad de Barcelona (UB) kan velje emne frå Det geologiske fakultet. UB opnar òg for at inntil 14 studiepoeng per semester kan hentast frå andre fagretningar. Studentar kan dessutan ta praksis ved et laboratorium. Studentane må da ta kontakt med dei aktuelle koordinatorane ved Universidad de Barcelona for å avtale dette. Studentar som ønsker praksis har to moglegheiter:

  • Laboratoriepraksis, deltid: 15 ECTS
  • Laboratoriepraksis, heiltid: 30 ETCS

Du kan maksimalt følge emne tilsvarande 30 studiepoeng per semester.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Du kan få faglege råd om emnevalet undervegs ved å ta kontakt med studierettleiaren for geovitskap på følgande adresse: studieveileder@geo.uib.no.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

atrium
Foto/ill.:
© Universitat de Barcelona

Informasjon