Hjem
Studentsider
erasmus+

Universitat de Barcelona og Det medisinske fakultet (ERASMUS+)

  • LandSpania
  • ByBarcelona
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld berre for medisinstudentar.

Tal på studieplassar i avtalen gjeld for eit heilt år. Vær obs på at tal på plassar kan variere frå år til år avhengig av kapasiteten ved vertsinstitusjonen.

Når i studiet kan eg reise

Medisinstudentar kan reise på utveksling til Universitat de Barcelona (UB) i 9. semester. Det er mogeleg å reise ut både i haustsemesteret og i vårsemesteret. Timeplankollisjonar gjer at det no er vanskeleg å få dekt 7. semester ved UB.

Språk

Undervisningsspråket er catalansk, og i nokre tilfelle spansk. MERK: Sjølv om B2-nivå i spansk ikkje er eit formelt krav, er det sterkt anbefalt med gode språkkunnskapar i spansk. Det er også sterkt anbefalt å ta kurs i catalansk på førehand.

Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle språkkurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Dersom du vil ta ein del av spesialiseringa di ved dette universitetet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande spesifikke emne ved UiB.

Følgende emne ved Universitat de Barcelona (UB) kan godkjennast som tilsvarande spesifikke emne ved UiB:

Gjennomført undervisning og bestått eksamen ved UB er vurdert som tilsvarande tilsvarande 9. semester (MED9) ved UiB, med unntak av medisinsk genetikk. For å få godkjent semesteret må du bestå ein munnleg godkjenningssamtale i genetikk etter opphaldet.

Det er dessverre timeplankollisjon i noen av emnene som tilsvarer MED7, så det kan være vanskelig å reise til Barecelona og ta emner tilsvarende MED7.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

atrium
Foto/ill.:
© Universitat de Barcelona

Informasjon