Hjem
Studentsider
erasmus+

Universitat Autònoma de Barcelona og Institutt for sammenliknende politikk (ERASMUS+)

  • LandSpania
  • ByBellaterra (Barcelona)
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar ved Institutt for samanliknande politikk har fortrinn på å reise ut gjennom denne avtalen. Søkarar frå andre fagområde kan vurderast dersom det er ledige plassar. Søkarar må ha tatt minst 60 studiepoeng ved utreise.

Når i studiet kan eg reise

Normalt passar det best å reise ut for eit heilt eller halvt år mellom tredje og sjette semester. Sjå fakultetet sine nettsider for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Språk

Undervisningsspråket er katalansk/spansk. Universitetet anbefaler at du har forkunnskapar tilsvarande B2-nivå etter EU sine retningslinjer for språkkompetanse (CEFR) i eit av undervisningsspråka. Studietilbodet på engelsk er veldig avgrensa. Utreisande studentar må kunne studere på spansk eller katalansk for å vurdere eit utvekslingsopphald ved dette universitetet.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle språkkurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Avtalen ligg under Faculty of Political Science & Sociology. Du kan studere fleire emne innanfor blant anna politikk, offentleg administrasjon, statistikk og sosiologi. På denne nettsida finn du oversikt over emnetilbodet ved universitetet. Kvart emne er normalt på 6 ECTS.

Studietilbodet på engelsk er veldig avgrensa. Utreisande studentar må kunne studere på spansk eller katalansk for å vurdere eit utvekslingsopphald ved dette universitetet.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivå- og innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Folk på campus
Foto/ill.:
© Universitat Autònoma de Barcelona

Informasjon