Hjem
Studentsider
erasmus+

Université de Bordeaux og Det medisinske fakultet (ERASMUS+)

  • LandFrankrike
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld berre for medisinstudentar.

Tal på studieplassar i avtalen gjeld for eit heilt år. Vær obs på at tal på plassar kan variere frå år til år avhengig av kapasiteten ved vertsinstitusjonen.

PS: Det er diverre ikkje mogleg å søkje på denne avtalen for utveksling vårsemesteret 2025 grunna kapasitetsproblem i Bordeaux

Når i studiet kan eg reise

Medisinstudentar kan reise til Bordeaux i sitt 7. semester i cand. med. Det er mogeleg å reise ut i haust- eller vårsemesteret.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er fransk.

Dersom du ikkje har nok franskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle språkkurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Dersom du vil ta ein del av spesialiseringa di ved dette universitetet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande spesifikke emne ved UiB.

Følgande emne ved Université de Bordeaux samsvarar med emne ved UiB:

  • Psycho-sensory neurology (15 ECTS) + klinisk praksis i nevrologi, øre-nase-hals/eller auge (fire veker), og psykiatri (fire veker)

Gjennomført undervising og bestått eksamen i desse emna er vurdert som tilsvarande 7. semester (MED7) ved UiB. Psykiatri kan godkjennast ved UiB dersom du består ein munnleg godkjenningssamtale i "Lov om norsk helsevern" etter utanlandsopphaldet.Om du ikkje har fått noko praksis i borne- og ungdomspsykiatri, må du også ta ein med praksis i dette etter du kjem heim.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Flott bygning
Foto/ill.:
© Université Bordeaux

Informasjon