Hjem
Studentsider
bilateral

Universidade Federal de Santa Catarina og Universitetet i Bergen (BILATERAL)

  • LandBrasil
  • ByFlorianópolis
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen er i prinsippet open for alle UiB-studentar.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiaren ved ditt institutt/fakultet for informasjon om utveksling og råd om når det passar å reise ut på ditt studieprogram.

Språk

Sidan all undervisning foregår på portugisisk krev UFSC at du beherskar portugisisk på eit relativt høgt nivå (B1/B2) på søknadstidspunktet. Dette kan ein også dokumentere med ei eigenerklæring.

Kva emne kan eg ta

UFSC består av 11 akademiske sentre og fakultet, og tilbyr emne innanfor 61 ulike fagretningar. Ein kan studere ta emne innanfor dei fleste fagretningar her, og alle emna er på portugisisk. Det er studieprogrammet ditt ved UiB som avgjer kor mange emne/credits du må ta. Vanlegvis vil ca. 15 credits per semester tilsvare 30 studiepoeng.

Studieavgift

UiB-studentar betalar ikkje studieavgift for utvekslingsplass ved UFSC.

Studentrapportar

Informasjon