Hjem
Studentsider
bilateral

The Chinese University of Hong Kong og Universitetet i Bergen (BILATERAL)

  • LandHong Kong
  • ByShatin, New Territories
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen er open for alle UiB-studentar på lågare grad, bortsett frå jusstudentar, som må søke på Det juridiske fakultet sin eigen avtale med CUHK.

CUHK har eit krav om C-snitt for opptak. I tillegg må ein dokumentere engelskkunnskapar, enten med vitnemål for karakteren 4 eller betre i engelsk frå vidaregåande skole, eller i form av ein engelsktest som er godkjent av CUHK.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiaren ved instituttet/ fakultetet du studererer ved for informasjon om når det passar å reise på utveksling for ditt studieprogram.

Språk

Undervisningsspråka ved universitetet er engelsk, mandarin og kantonesisk. Norske studentar slepp som regel unna engelske språktestar, dersom dei har karakteren 4 eller betre i engelsk frå vidaregåande skole. Ved dårlegare karakter enn dette frå videregåande må studenten finne informasjon på nettsidene til CUHK om kva dokumentasjon for språkkompetanse universitetet krev.

Kva emne kan eg ta

Ved CUHK kan ein følge ordinære emne på engelsk eller studere på "International Asian Studies Programme" som er retta mot utvekslingsstudentar. Nokre emne har også kantonesisk/mandarin som undervisnignsspråk.

Studieavgift

UiB har ein utvekslingsavtale med CUHK som inneber at vi kan få eit avgrensa tal friplassar (plassar utan skulepengar) kvart år. Normalt vil det være minst 2 plassar tilgjengelig per år. Det er ikkje mogleg å reise ut på betalingsplassar.

Studentrapportar

Oversikt over campus
Foto/ill.:
© The Chinese University of Hong Kong

Informasjon