Hjem
Studentsider
bilateral

Hong Kong Baptist University og Universitetet i Bergen (BILATERAL)

  • LandHong Kong
  • ByHong Kong
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen er open for alle UiB-studentar. HKBU har krav om eit karaktersnitt ein stad mellom C og D for å gi opptak. I tillegg må ein dokumentere engelskkunnskapar enten med karakteren 4 eller betre i engelsk frå vidaregåande skole, eller i form av ein engelsktest som er godkjent av HKBU.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiaren ved instituttet/ fakultetet du studerer ved for informasjon om utveksling og når det passar å reise på utveksling i ditt studieprogram.

Språk

Undervisingsspråka ved universitetet er engelsk eller kantonesisk. Norske studentar slepp som regel unna engelske språktestar dersom dei har karakteren 4 eller betre i engelsk frå vidaregåande skole. Ved dårlegare karakter enn dette frå videregåande må studenten finne informasjon på nettsidene til HKBU om kva dokumentasjon for språkkunnskapar universitetet krev.

Kva emne kan eg ta

HKBU er eit breiddeuniversitet med studietilbod innanfor dei fleste fagområde.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

UiB har ein utvekslingsavtale med HKBU som inneber at vi kan få eit avgrensa tal friplassar (plassar utan skulepengar) kvart år. Det er ikkje mogleg å reise ut på betalingsplassar.

Studentrapportar

Informasjon