Hjem
Studentsider
bilateral

Universidad de Guanajuato og Universitetet i Bergen (BILATERAL)

  • LandMexico
  • ByGuanajuato
  • Studieplassar3
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen er i prinsippet open for alle UiB-studentar, men studentar innanfor helsefag kan ikkje vere sikre på å få opptak. Universidad de Guanajuato krev at studentane må ha gjennomført minst tre semester av BA-graden når dei søker og må ha eit karaktersnitt på B.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiaren ved instituttet/fakultetet du høyrer til for råd om når du kan reise ut på ditt studieprogram. Vanlegvis vil det passe best i eit semester når du kan ta frie studiepoeng. Du må ha tatt minimum 90 studiepoeng før du kan reise på denne avtalen.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er spansk. Studentar må dokumentere gode spanskkunnskapar når dei søker (B1). Studentar som ønskjer å studere filosofi må dokumentere spansk på C1 nivå. Det finst eit lite utval av emner som blir undervist på engelsk for studentar som ikkje har spanskkunnskapar. Desse er i all hovudsak i internajsonal økonomi og leiing.

Kva emne kan eg ta

Dersom ein ønsker å studere på campus i Guanajuato by så er ein avgrensa til studietilbodet der. Det kan vere krav til forkunnskapar for enkelte emne. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

UiB-studentar må ikkje betale skolepengar ved Universidad de Guanajuato, men det er krav om helseforsikring som dekker sjukehusutgifter på minst 100.000 USD.

Studentrapportar

Informasjon