Hjem
Studentsider
bilateral

University of Melbourne og Universitetet i Bergen (BILATERAL)

  • LandAustralia
  • ByParkville
  • Studieplassar99
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen er i utgangspunktet open for alle UiB-studentar, gitt at ein kan finne emne som passar med studieplanen. UoM har eit krav om eit karaktersnitt på C eller betre for å gi opptak, og søkarar må ha tatt minimum 60 studiepoeng på det tidspunktet søknaden vert sendt inn (semesteret før utvekslingsopphaldet). I tillegg må ein dokumentere engelskkunnskapar, enten med karakteren 4 eller betre i kvart engelskfag frå videregåande, eller i form av ein engelsktest som er godkjent av UoM.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiaren ved ditt institutt/fakultet for informasjon om utveksling og råd om når det passar å reise ut.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk. Norske studentar slepp som regel unna engelske språktestar dersom dei har karakteren 4 eller betre i kvart engelskfag frå videregåande. Ved dårlegare karakter enn dette må studenten finne informasjon på nettsidene til UoM om kva dokumentasjon for språkkompetanse universitetet krev. Dersom ein skal ta fag på masternivå ved UoM må ein dokumentere engelskkunnskapar på annan måte enn karakteren frå videregåande skule. Les meir på UoM sine nettsider.

Kva emne kan eg ta

UoM er eit breiddeuniversitet med studietilbod innan dei fleste fagområde. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

NB! Ver merksam på at jusstudentar må vere på fjerde eller femte studieår for å søke om utveksling til dette universitetet.

Studieavgift

UiB har kun avtale om betalingsplassar ved University of Melbourne. Studieavgifta for studentar som reiser ut på bachelornivå ligg i 2024 på om lag AUD$ 15 935 per semester. (For studentar som reiser ut på masternivå er beløpet høgare.) Dette er noko over ramma Lånekassen i utgangspunktet kan gje støtte til, men for studieåret 2024/25 er UoM med på Lånekassen si liste over lærestader som kan gje rett til tilleggsstipend.

Merk: frå 1. juli 2024 auka australske visummyndigheiter kostnaden for å søke om visum til AUD 1600.

Studentrapportar

Campus fra luften
Foto/ill.:
© The University of Melbourne

Informasjon