Hjem
Studentsider
bilateral

University of Alberta og Universitetet i Bergen (BILATERAL)

  • LandCanada
  • ByEdmonton
  • Studieplassar99
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen er åpen for bachelor og masterstudenter fra UiB. Programmet du ønsker å studere må være tilgjengeleg for utvekslingsstudentar.

Erfaring viser at søkjarar til universitetet lyt ha gode karakterar, og det vert vanlegvis kravd at studentar har eit karaktersnitt på C eller betre. Søkjarar til Faculty of Engineering lyt ha eit karaktersnitt på B eller betre. I tillegg lyt ein vera ferdig med 2. året av Bachelor-graden sin før ein kan få opptak ved Faculty of Engineering. Faculty of Engineering vurderer óg relevansen av dei faga studenten har teke tildlegare.Merk også eigne opptakskrav for juss og økonomi.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiar ved ditt institutt/fakultet for informasjon om dette.

Det er berre mogeleg å søkje til University of Alberta i vårsemesteret (frist 1. februar) uansett om du ynskjer å dra ut på hausten, våren eller i eit heilt år.

Språk

Undervisninga ved foregår på engelsk. Du lyt kunne dokumentere karakter 4 eller høgare i engelsk frå vidaregåande skole for å verte friteke frå kravet om engelsktest.

Kva emne kan eg ta

UiB-studentar kan søkje opptak til tilgjengelige program ved UAlberta så lenge ein oppfyller opptakskrava. Her finn ein generelle og spesifikke opptakskrav.

I tillegg kan ein studere ved Alberta som betalande student. Ver merksam på at dei populære kursa innan Petroleum Engineering ikkje ligg under Faculty of Science, men under Faculty of Engineering. UiB-studentar kan berre søkje som betalande studentar innan denne studieretninga.

Studieavgift

UiB har ein avtale som opnar for to friplassar. Desse friplassane vil ikkje vera tilgjengelege kvart år.

I 2024/25 har vi en friplass.

Studentrapportar

Campus fra luften
Foto/ill.:
© University of Alberta

Informasjon