University of Wroclaw og Det juridiske fakultet (ERASMUS+ - 3. og 5. studieår)
- LandPolen
- ByWroclaw
- Studieplassar2
- StudienivåBachelor og Master
- AvtaletypeErasmus+
- Lengde på opphald1 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Denne avtalen kan nyttast av studentar både på 3. studieår og på siste studieår av masterprogrammet i rettsvitskap.
Når i studiet kan eg reise
Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.
I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.
Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.
Språk
Undervisningsspråket ved universitetet er i hovudsak polsk, men universitetet tilbyr òg emne på engelsk. Erasmusstudentar kan mellom anna velje blant emna som er del av dei to engelskspråklege LLM-programma ved University of Wroclaw: International Business Law og Modern Human Rights Law. Som erasmusstudent oppnår ein ikkje ein LLM-grad, men som utvekslingsstudent kan ein altså velje blant emna i LLM-programmet.
Universitetet tilbyr språkkurs i polsk for internasjonale studentar.
Kva emne kan eg ta
Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som valemne på 3. studieår (2021-studieordninga) eller spesialemne på siste studieår i masterprogrammet i rettsvitskap (2003-studieordninga og 2021-studieordninga).
På universitetet sine nettsider finn du lenke til ei oversikt over juridiske emne som universitetet tilbyr.
Wroclaw University nyttar ECTS-systemet, der ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng.
Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.
Studentar som utvekslar på 3. studieår
Ein kan velje engelskspråklege emne frå fleire ulike studieår, og får også tilgang til dei engelskspråklege emna på masternivå.
Studentar som utvekslar på 5. studieår
Ein skal i hovudsak ta emne frå dei engelskspråklege LLM-programma som blir tilbydde ved University of Wroclaw.
Studieavgift
Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
University of Wroclaw er eit offentleg forskingsuniversitet .Det blei grunnlagd i 1702, og reorganisert etter andre verdskrig. I dag er det eit breiddeuniversitetet med over 30 000 studentar fordelte på ti fakultet i sentrum av Wroclaw. Universitetet har eit naturhistorisk museum, og ein 200 år gamal botanisk hage.
Wroclaw er den fjerde største byen i Polen, og ligg sørvest i landet, i Schlesien. Her bur over 600 000 menneske, og kvar sjette innbyggar er student. Han blei nesten utsletta under andre verdskrigen, men er no bygd opp att. Dei fleste bygningane er i gotisk eller barokk stil, men byen har òg fleire modernistiske bygg, for eksempel Hundreårshallen, som er oppført på UNESCO si verdsarvliste. Byen har fleire øyar og meir enn to hundre bruer.
Bustad
Universitetet garanterer bustad til alle Erasmusstudentar, gitt at ein søker innan fristen. Det finst både enkle og doble rom. Studentbustadane ligg sentralt i Wroclaw.
Semesterinndeling
September - februar og februar - juni.
Informasjon
- Hjemmesidehttp://uni.wroc.pl/
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb7427
- FagnavnJuridiske fag