Erasmus+ mellom Griegakademiet ¿ Institutt for musikk og Uniwersytet Wroclawski
- LandPolen
- Studieplassar2
- StudienivåBachelor og Master
- AvtaletypeErasmus+
- LandPolen
- Studieplassar2
- StudienivåBachelor og Master
- AvtaletypeErasmus+
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Studentar på bachelorprogram og masterprogram i utøvande musikk eller komposisjon. Studentar på bachelorprogram i musikkvitskap. For meir informasjon, sjå https://www.uib.no/kmd/111762/reise-p%C3%A5-utveksling#griegakademiet-institutt-for-musikk
Når i studiet kan eg reise
Utøvande musikk: Det passar best å reise på utveksling i 3. studieår av bachelorprogrammet. Vi tilrår at studentane reiser ut for heile studieåret, altså både for haust- og vårsemesteret.
Musikkvitskap: det er lagt til rette for utveksling i 5. semester, altså haustsemesteret 3. studieår.
Språk
Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.
Kva emne kan eg ta
Bachelor i utøvande musikk: Utøvande emner som erstattar hovedinstrument (25 stp) og utøvande støttedisiplin (5 stp) og 30 frie studiepoeng som inngår i graden som valemne.
Musikkvitskap: 30 frie studiepoeng
Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.
Studieavgift
Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
University of Wroclaw er eit offentleg forskingsuniversitet .Det blei grunnlagd i 1702, og reorganisert etter andre verdskrig. I dag er det eit breiddeuniversitetet med over 30 000 studentar fordelte på ti fakultet i sentrum av Wroclaw. Universitetet har eit naturhistorisk museum, og ein 200 år gamal botanisk hage.
Wroclaw er den fjerde største byen i Polen, og ligg sørvest i landet, i Schlesien. Her bur over 600 000 menneske, og kvar sjette innbyggar er student. Han blei nesten utsletta under andre verdskrigen, men er no bygd opp att. Dei fleste bygningane er i gotisk eller barokk stil, men byen har òg fleire modernistiske bygg, for eksempel Hundreårshallen, som er oppført på UNESCO si verdsarvliste. Byen har fleire øyar og meir enn to hundre bruer.
Bustad
Universitetet garanterer bustad til alle Erasmusstudentar, gitt at ein søker innan fristen. Det finst både enkle og doble rom. Studentbustadane ligg sentralt i Wroclaw.
Semesterinndeling
September - februar og februar - juni.
Informasjon
- Hjemmesidehttp://uni.wroc.pl/
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i SøknadswebIkkje søkbar
- FagnavnMusikk
- Hjemmesidehttp://uni.wroc.pl/
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i SøknadswebIkkje søkbar
- FagnavnMusikkvitskap