Hjem
Studentsider
erasmus+uk

University of Dundee og Institutt for klinisk odontologi (ERASMUS+UK - Dundee: Clinical rotation kull 5 odontologi)

  • LandStorbritannia og Nord-Irland
  • ByDundee
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+uk
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen gjeld for studentar som går på integrert masterprogram i odontologi.

Når i studiet kan eg reise

Det er tilrettelagt for utveksling i 9. semester av studieprogrammet.

Språk

Undervisningsspråket ved lærestaden er engelsk.

Kva emne kan eg ta

Utvekslinga består i hovedsak av klinisk teneste på ulike fagområde. Utvekslinga er tilpassa den siste delen av profesjonsstudiet, der du jobbar relativt sjølvstendig i tannklinikken og også i klinikker i distrikt utenfor Dundee. I den grad det er mogeleg, kan du òg delta på teoriundervisning. Du avlegg eksamen ved UiB saman med kullet ditt når du er ferdig med utvekslingsopphaldet. Du er sjølv ansvarleg for å halde deg oppdatert på pensum til eksamen, og å halde kontakt med fagmiljøet heime.

Studieavgift

Studentar som reiser på Erasmus-avtalar til Storbritannia får ikkje Erasmus-stipend på grunn av Brexit (Storbritannia er ikkje lenger med som programland i Erasmus-programmet), men treng ikkje betale studieavgift ved vertsuniversitetet. Alle utvekslingsstudentar skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Oversikt over byen
Foto/ill.:
© University of Dundee

Informasjon