University of Latvia og Det juridiske fakultet (ERASMUS+ - 3. studieår)
- LandLatvia
- ByRiga
- Studieplassar4
- StudienivåBachelor og Master
- AvtaletypeErasmus+
- Lengde på opphald1 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Denne avtalen kan nyttast av studentar på 3. studieår av masterstudiet i rettsvitskap.
Studieåra 2023/2024 og 2024/2025 kan avtalen også nyttast av studentar på siste studieår av masterstudiet i rettsvitskap (studentar på studieordninga av 2003).
Når i studiet kan eg reise
Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.
I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.
Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.
Språk
Undervisningsspråka ved universitetet er latvisk og engelsk. Universitetet har eit emnetilbod på engelsk, men ikkje nok til å fylle eit heilt semester kun med emne som har engelsk som undervisningsspråk. Studentar som ønsker å reise ut gjennom denne avtalen må vere budde på å ta emne på latvisk for å oppnå full semesterbelasting. Gode latviskkunnskapar er derfor tilrådd.
Informasjon om latvisk språkkurs finn du på denne nettsida.
Kva emne kan eg ta
Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som valemne på 3. studieår (2021-studieordninga) eller spesialemne på siste studieår i masterprogrammet i rettsvitskap (2003-studieordninga).
På nettsida til universitetet finn du ei oversikt over kva emne ein kan ta som Erasmus-student.
Universitetet nyttar ECTS-systemet, der ein ECTS-credit svarar til eitt studiepoeng.
Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.
Studieavgift
Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
University of Latvia ligg i den latviske hovudstaden Riga, og er det største på Baltikum. Universitetet blei grunnlagt i 1919 og har dag rundt 15 000 studentar, fordelte på i alt 13 fakultet. Om lag ein av tre studentar tek forretnings- og økonomirelaterte studium. Universitetet har eit aktivt studentmiljø og ei rekkje relaterte organisasjonar og lag. Blant anna fleire kor, eit kammerorkester, eigne fotballag og eit keramikkstudio.
Riga er hovudstad i Latvia, og i likskap med Bergen, ein tidlegare Hansaby. Byen har rundt 700 000 innbyggarar og ligg på ei sandslette mellom ein og ti meter over havet, ved Rigabukta, om lag midt i landet. Etter sovjettida har norske næringslivsaktørar vist iver etter å etablere seg i byen, og franchisekjeder som Narvesen, Rema 1000, Cubus og Dressmann er synlege i bybiletet.
Bustad
Universitetet har to studentheimar for internasjonale studentar like utanfor Riga sentrum. Ein må søke innan gitte fristar før kvart semester. Det er òg gode sjansar for å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden.
Semesterinndeling
September - januar og februar - juni.
Informasjon
- Hjemmesidehttp://www.lu.lv
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i SøknadswebIkkje søkbar
- FagnavnJuridiske fag