Om avtalen
Kven kan søke
Denne avtalen kan nyttast av studentar både på 3. studieår og på siste studieår av masterprogrammet i rettsvitskap.
Om tal på plassar:
Det er éin plass til studentar på 3. studieår og to plassar til studentar på siste studieår.Plassar som ikkje blir brukte på 5. studieår kan istaden nyttast på 3. studieår.
Når i studiet kan eg reise
Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.
I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.
Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.
Språk
Undervisningsspråket ved universitetet er i hovudsak polsk, men det finst òg eit avgrensa emnetilbod med engelsk undervisningsspråk.
Universitetet tilbyr språkkurs i polsk for internasjonale studentar.
Kva emne kan eg ta
Utvekslar du til dette universitetet på 3. studieår tar du juridiske emne som blir godkjente som valemne på 3. studieår.
Utvekslar du til dette universitetet på 5. studieår tar du juridiske emne som blir godkjente som spesialemne (10 sp) og fordjupingsemne (20 sp).
På universitetet sine nettsider finn du lenke til ei oversikt over juridiske emne som universitetet tilbyr.
University of Gdansk nyttar ECTS-systemet, der ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng.
Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare, ved UiB eller på utveksling.
Studieavgift
Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
University of Gdansk blei grunnlagt i 1970, og er eit offentleg breiddeuniversitet med elleve fakultet og om lag 33 000 studentar. Dei åtte campusane er fordelte over Trippelbyen, eit byområde sett saman av byane Gdansk, Gdynia og Sopot. Universitetet er det største i regionen Pomorze, og utgjer eit viktig senter for studiet av språket kasjubisk. Det har òg tette band til havet og fleire marine forskingsstasjonar.
Hamnebyen Gdansk ligg ved Gdanskbukta, nord i Polen, ved munninga av elva Vistula. Byen har om lag ein halv million innbyggarar. Han fekk hard medfart av bombeangrep under andre verdskrig, men særskilt gamlebyen har i ettertid gått gjennom omfattande rekonstruksjon og Gdansk reknast i dag for å vere blant Europas vakraste middelalderbyar. Næringslivet her er i hovudsak sentrert rundt skipsbygging og shipping.
Bustad
Universitetet har studentbustader nær dei ulike fakulteta der internasjonale studentar kan søke om plass. Ein kan òg leige bustad på den private marknaden.
Semesterinndeling
September - februar og februar - juni.