Hjem
Studentsider
erasmus+

Academy of Music 'Ignacy Jan Paderewski', Poznan og Griegakademiet ¿ Institutt for musikk (ERASMUS+)

  • LandPolen
  • ByPoznan
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på bachelor- og masterprogram i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet, Institutt for musikk. For meir informasjon, sjå https://www.uib.no/kmd/111762/reise-p%C3%A5-utveksling#griegakademiet-institutt-for-musikk

Når i studiet kan eg reise

Det passar best å reise på utveksling i 3. studieår av bachelorprogrammet. Vi tilrår at studentane reiser ut for heile studieåret, altså både for haust- og vårsemesteret.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Utøvande emner som erstattar hovedinstrument (25 stp) og utøvande støttedisiplin (5 stp) og 30 frie studiepoeng som inngår i graden som valemne.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Academy of Music ‘Ignacy Jan Paderewski’ er eit viktig senter i Poznans musikalske liv og historia til akademiet går tilbake til 1920. Sidan 1981 har det hatt namnet etter Ignacy Jan Pederewski, ein kjend polsk pianist og komponist. Med over 700 studentar tilbyr musikkakakademiet utdanning og opplæring ved fem fakultet, med ulike fagområde: dirigering, komposisjon og ulike musikkinstrument. I tillegg er dette det einaste musikkakademiet, av totalt ni, som tilbyr fiolinmaking i Polen. Akademiet fekk konserthuset Aula Nova i 2006, noko som gav akademiet ein ny dimensjon som kulturinstitusjon.

Poznan er ein by vest i det sentrale området av Polen. Den ligg ved elva Warta og er ein av dei eldste byane i landet. Byen er eit sentrum for kultur og handel, og har mykje industri knytt til blant anna maskin- og elektroteknikk og tobakk. Dette er heimstaden for 26 institusjonar for høgare utdanning og 140 000 studentar. Poznan er den femte største byen i Polen, med i overkant 530 000 innbyggarar.

Bustad

Det er mogleg å finne studentbustad på Hostel Poznan Wronka. Søk det opp på nett.

Informasjon