Hjem
Studentsider
bilateral

University of Glasgow og Det juridiske fakultet (BILATERAL - 5. studieår - LLM)

  • LandStorbritannia og Nord-Irland
  • ByGlasgow
  • StudienivåMaster
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen kan nyttast av studentar på siste studieår av masterprogrammet i rettsvitskap.

For å kvalifisere til LLM-studier ved University of Glasgow må du ha eit karaktersnitt på sterk C eller betre, og du må ha fullført alle emna til og med 4. studieår.

For å få opptak tidleg nok til at du får innvilga visum i tide til studiestart, bør du avlegge eksamen til ordinær eksamen. Dersom nokre av eksamenanen dine blir avlagt ved kontinuasjonseksamen i august, vil ikkje resultata koma tidsnok til at du får opptak og kan søke visum i tide til studiestart.

NB! Det er berre mogeleg å starta LLM-studier ved University of Glasgow i haustsemesteret.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.

I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.

Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk. Studentar som har oppnådd karakteren 4 eller betre i engelsk frå videregående skule treng ikkje å avleggje TOEFL/IELTS-test.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta ein LLM-grad. Ein LLM er ein eittårig mastergrad i juss, som gir ei grundig spesialisering innanfor eit bestemt rettsområde. Ein LLM sikrar (på visse vilkår) at ein kan få godskriving av heile 5. studieår, altså både spesialemne og masteroppgåve. Ved University of Glasgow kan du ta ein generell LLM eller velge mellom følgande LLM-spesialiseringar.

På nettsidene til University of Glasgow finn du opplysningar om dei ulike programma her.

Eit LLM-program ved University of Glasgow er eit 12 månedars studium og utgjer 180 Glasgow credits. Dette tilsvarar 90 studiepoeng.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

NB! Dersom utveksling til denne lærestaden er siste del av graden din, må du vere merksam på at dei offisielle karakterane kjem seint i haustsemesteret eller tidleg i vårsemesteret etter at masteroppgåve er levert ved vertsuniversitet. Du kan ikkje søkje om endeleg godkjenning av delstudia i utlandet før dei endelege og offisielle karakterane ligg føre. Dersom utveksling er siste del av graden din, vil du ikkje få registrert oppnådd grad før dei offisielle resultata er motteke og søknad om endeleg godkjenning er ferdig handsama ved fakultetet i Bergen. Du må ta høgde for denne ventetida på offisielle karakterar og forseinkinga i kva tid mastergraden vert oppnådd når du planlegg jobbsøking. Dette er særleg relevant dersom du skal søkje autorisasjon som advokatfullmektig fordi oppnådd grad er ein føresetnad for slik autorisasjon.

Studieavgift

Gjennom denne avtalen må ein betale skulepengar. For 2024/2025 er skolepengane for ein LLM på 27 090 GBP. Bergensstudentar får 30% rabatt og betalar derfor istaden 18 963 GBP.

Lånekassen gjev støtte til skolepengar, storparten som lån og noko som stipend.

Ein skal òg registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida ein er ute.

Studentrapportar

Campus fra luften
Foto/ill.:
© University of Glasgow

Informasjon