Hjem
Studentsider
erasmus+

Adam Mickiewicz University in Poznan og Institutt for sammenliknende politikk (ERASMUS+)

  • LandPolen
  • ByPoznan
  • Studieplassar4
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar ved Det samfunnsvitskapelege fakultet kan søke på plassane. Søkarar frå andre fagområde blir vurderte om det er ledige plassar.

Søkaren må ha tatt minimum 60 studiepoeng ved utreise.

Når i studiet kan eg reise

Det er mogleg å søke for eitt semester (oppstart vår) eller eit heilt år (oppstart haust). Normalt reiser ein ut mellom tredje og sjette semester.

Sjå fakultetet si nettside for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Språk

Undervisningsspråka er engelsk eller polsk. Universitetet anbefaler at du har språkkunnskapar tilsvarande B1-nivå (CEFR) i engelsk.

Institusjonen tilbyr polsk språkkurs till innreisande studentar. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet.

Kva emne kan eg ta

Du kan studere fleire emne innan blant anna politikk, samfunnsvitskap, jus og geografi. På denne sida finn du emnekatalogen for engelskspråklege kurs. Sjekk undervisningsspråket før du vel emne.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år. Kvart emne utgjer mellom 2 og 8 ECTS. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt frå før, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Bygning i kveldsmørket
Foto/ill.:
© Adam Mickiewicz University

Informasjon