Nicolaus Copernicus University og Det juridiske fakultet (ERASMUS+ - 3. og 5. studieår)
- LandPolen
- ByTorun
- Studieplassar2
- StudienivåBachelor og Master
- AvtaletypeErasmus+
- Lengde på opphald1 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Denne avtalen kan nyttast av studentar både på 3. studieår og på siste studieår av masterprogrammet i rettsvitskap.
Når i studiet kan eg reise
Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.
I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.
Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.
Språk
Undervisningsspråket ved vertsuniversitetet er i hovudsak polsk, men universitetet til byr og tilstrekkeleg mange juridiske emne som blir underviste på engelsk til at ein ikkje treng å kunne polsk for å studere ved dette universiteet. Her finn du Oversikt over engelskspråklege emne.
Universitetet tilbyr språkkurs i polsk for internasjonale studentar.
Kva emne kan eg ta
Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som valemne på 3. studieår (2021-studieordninga) eller spesialemne på siste studieår i masterprogrammet i rettsvitskap (2003-studieordninga og 2021-studieordninga).
På universitetet sine nettsider finn du lenke til ei oversikt over juridiske emne som universitetet tilbyr.
Nicolaus Copernicus University nyttar ECTS-systemet, der ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng.
Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.
Studieavgift
Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Nicolaus Copernicus University blei grunnlagt i 1945, i byen Torun. Det er kalla opp etter vitskapsmannen Nikolas Kopernikus, som blei fødd i byen i 1473. Universitetet er det største i Nord-Polen med 17 fakultet og 30 000 studentar. Universitetet er spreidd, men har hovudcampus i bydelen Bielany.
Torun ligg ved elva Wisla. Han har litt over 200 000 innbyggarar, og ligg 185 kilometer nordvest for Warszawa. Byen er kjent for sin vakre middelalderarkitektur og for bymurane som omgir han. Torun er òg kjend for peparkaker, som har blitt produserte i stort kvantum og god kvalitet her sidan middelalderen. Byen sitt peparkakemuseum er mellom dei best besøkte turistattraksjonane i byen.
Bustad
Universitetet har eigne studentbustader på campus der internasjonale studentar kan søke. Det er òg gode sjansar for å finne rimeleg prisa bustad privat i Torún.
Semesterinndeling
Oktober - februar og februar - juni.
Informasjon
- Hjemmesidehttp://www.umk.pl/
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb7378
- FagnavnJuridiske fag