Hjem
Studentsider
erasmus+

Göteborgs universitet og Det medisinske fakultet (ERASMUS+ - Nutrition)

  • LandSverige
  • ByGöteborg
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld berre for studentar som går på eit studieprogram i ernæring.

Når i studiet kan eg reise

Studentar på bachelorprogrammet for ernæring kan reise på utveksling i sitt 5. semester.

Det er elles avhengig av kva for eit semester du ønsker å utveksle i, og at emnekombinasjonen ved vertsuniversitetet kan godkjennast som tilsvarande emnekombinasjonen du elles skulle ha tatt ved UiB i utvekslingssemesteret. I alle tilfelle er det krav om at ein må vere i rute med studia før avreise.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er svensk og/eller engelsk.

Normalt vil det vere uproblematisk å nytte norsk som skriftleg arbeidsspråk når ein er på utveksling ved lærestader i Skandinavia. Ver likevel merksam på at det ved somme lærestader kan vere naudsynt å søke om særskilt løyve for å levere eksamen på norsk.

Kva emne kan eg ta

Du må velje emne som samsvarar med dei emna du elles skulle ha tatt i same semester ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Flott bygning
Foto/ill.:
© Göteborgs Universitet

Informasjon