Hjem
Studentsider
erasmus+

Göteborgs universitet og Institutt for klinisk odontologi (ERASMUS+ - Gøteborg: Clinical rotation kull 5 odontologi)

  • LandSverige
  • ByGöteborg
  • Studieplassar2
  • StudienivåMaster
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen gjeld for studentar som går på integrert masterprogram i odontologi.

Når i studiet kan eg reise

Det er tilrettelagt for utveksling i 9. semester på odontologistudiet og i emnet OD5INT1. Ein søkjer opptak til utveksling i byrjinga av 8. semester (frist 1. februar) medan sjølve utvekslingsperioden er 3 månader i 9. semester (haust).

Språk

Undervisningsspråket er svensk.

Normalt vil det vere uproblematisk å nytte norsk som skriftleg arbeidsspråk når ein er på utveksling ved lærestader i Skandinavia. Ver likevel merksam på at det ved somme lærestader kan vere naudsynt å søkje om særskilt løyve for å levere skriftleg arbeid på norsk.

Kva emne kan eg ta

Utvekslinga består i hovedsak av klinisk teneste på ulike fagområde. Utvekslinga er tilpassa den siste delen av profesjonsstudiet, der du jobbar relativt sjølvstendig i tannklinikken. I den grad det er mogeleg, kan du òg delta på teoriundervisning. Du avlegg eksamen ved UiB saman med kullet ditt når du er ferdig med utvekslingsopphaldet. Du er sjølv ansvarleg for å halde deg oppdatert på pensum til eksamen, og å halde kontakt med fagmiljøet heime. Du velgjer emnet OD5INT1 i utdanningsplanen din i tillegg til å søke om utveksling i Søknadsweb.

I Gøteborg vil du vere ein del av deira "Tandläkarprogram" og då iTandläkarprogrammet | Göteborgs universitet (gu.se)/">9. semester på deira kull 5 (tilsvarande 9. semester ved IKO.)www.gu.se/studera/hitta-utbildning/tandlakarprogrammet-o2tlp

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Informasjon