Hjem
Studentsider
erasmus+

Gottfried Wilhelm Leibniz Universität Hannover og Matematisk institutt (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByHannover
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen er open for bachelor-, master- og ph.d-studentar. Studentar ved Matematisk institutt, lektorstudentar med matematikk som fag, og og IMØ-studentar som har valt statstikk som spesialisering blir prioritert dersom det er fleire søkarar enn plassar.

Studentar skal ha tatt 60 studiepoeng før avreise.

Det er normalt eit krav om minst C i gjennomsnittskarakter.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar ved Matematisk institutt: Det er mogleg å reise ut 4.,5. eller 6. semester.

Masterstudentar ved Matematisk institutt: Det er i utgangspunktet inga avgrensing for når i studieløpet du kan

gjennomføre utveksling. Ta kontakt med studierettleiaren din dersom du er i tvil om når du bør reise.

Det er mogleg å reise ut både vår og haust.

Språk

Det fins fleire kurs på engelsk, men det er ein føremon med gode kunnskapar i tysk.

Kva emne kan eg ta

Matematisk institutt anbefaler at du diskuterer kva emne du skal ut saman med studierettleiar og/eller rettleiar eller annan vitskapleg tilsett før du søkjer om førehandsgodkjenning.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Informasjon