Hjem
Studentsider
erasmus+

Universität Stuttgart og Institutt for filosofi og førstesemesterstudier (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByStuttgart
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for studentar på bachelor- og masterprogrammet i filosofi ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudium (FOF), men også andre som ønsker å ta filosofiemne når dei er på utveksling kan søke.

Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng ved UiB. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile perioden du er på utveksling. Studentar på bachelor- eller masterprogram ved FOF vil bli prioriterte om det er fleire søkarar enn det er plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar: Det passar best å reise på utveksling i fjerde, femte eller sjette semester av bachelorprogrammet.

Studentar på andre studieprogram: Ta kontakt med studierettleiaren for programmet du går på. Vanlegvis vil det passe best å reise på utveksling i eit semester når du kan ta frie studiepoeng.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB. Vi anbefaler at du tar emne på 200-nivå på utveksling, då det er lettare å finne emne som kan innpassast på 200-nivå enn på 100-nivå.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen av mastergraden.

For alle studentar: Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universität Stuttgart blei grunnlagt i 1829, og er eit teknisk universitet med rundt 25 000 studentar. Det har ti fakultet, men satsar i hovudsak på ingeniørfag og teknikk. På campusen i sentrum finst fakulteta for humanistiske fag, økonomi og arkitektur. Den største campusen er Vahingen, som ligg litt utanfor sentrum og husar tekniske og naturvitskapelege fag.

Stuttgart er den største byen i delstaten Baden-Württemberg. Han blei grunnlagd som ein oppsamlingsleir for stridshestar til det tyske kavaleriet under Keisar Otto den første sitt styre rundt 950. Byen har i dag om lag ein halv million innbyggarar. Stuttgart er kjend for vinproduksjon og for bilmerka Mercedes og Porsche. Prisnivået her er høgt samanlikna med andre byar i Tyskland.

Bustad

Universitetet samarbeider med den lokale studentsamskipnaden om å tilby bustad for Erasmus-studentar så langt kapasiteten rekk. Det kan vere dyrt å leige bustad på den private marknaden i Stuttgart samanlikna med andre stader i Tyskland.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - juli/august.

Studentrapportar

2015

Haust 2015 Master i anvend og utrekningsorientert matematikk

Haust 2015 Master i anvend og utrekningsorientert matematikk

15.08.2015 - 31.12.2015

Førebuingar/praktiske tips

Stor fordel å ha et sted å bo før man drar fra Norge. Da vil ting stort sett ordne seg. Administrative ting kan være noe annerledes enn vi er vant til, så jo mer som er ordnet før avreise, jo mindre frustrasjon under oppholdet.

Undervisningsformer

Mye forelesningsbasert, men stort sett ganske tett kontakt med foreleser. Vesentlig lavere pc-kompetanse enn i Norge.

Vurdering av emnetilbodet

Mangfoldig og bra, men svært uoversiktelig for en som kommer utenfra og ikke kjenner systemet. Ikke lett å få veiledning.

Fagleg utbyte og språk

Stort! Anbefales også å ta forberedende språkkurs for alle som ikke snakker god tysk fra før. Har også ekstra sosiale fordeler.

Universitetsområdet og byen

Campus Vaihingen er noe steril, men ligger fint til og er svært godt forbundet med bykjernen via S-Bahn. Stuttgart er ingen romantisk universitetsby, men mer "funksjonell", og har alt man forventer.

Bustad

Fikk ikke studentforeningshybel p.g.a. en glipp. Dette var uheldig, da boligmarkedet i Stuttgart er alt annet enn enkelt.

Sosialt miljø

Godt, men en viss ulempe å bo langt fra resten av universitetsmiljøet.

Informasjon