Hjem
Studentsider
bilateral

University of Saskatchewan og Universitetet i Bergen (BILATERAL)

  • LandCanada
  • BySaskatoon
  • Studieplassar99
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Alle studentar som ønskjer å studera Arts eller Science kan søkje. Ein må ha tatt minst 60 studiepoeng innan utreise for å være kvalifisert. Nokre program på USask krev to års tidligare studiar. Ein bør ha C-snitt for å få opptak på USask.

Studentar på bachelor- og masterprogramma i fysikk har fortrinn på 2 plassar per år, mens 2 plasser er åpne for alle fagområde.

Når i studiet kan eg reise

Ein kan reise for eitt semester eller eitt heilt år.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk. Studentar som ikkje har engelsk som førstespråk, må vere førebudde på å måtte dokumentere engelskkunnskapar. Meir informasjon finn du ved å søke på «english language proficiency» på universitetet sine nettsider: http://www.usask.ca/

Kva emne kan eg ta

Avtalen åpnar for studiar innan Arts and Science ved USask. Dei tilbyr over 60 ulike program innan naturfag, samfunnsvitskap og humanistiske fag.

Utveksling til USask er særlig relevant for studentar fra MN, HF, SV og KMD.

Studieavgift

UiB vil normalt ha 4 semesterplassar på USask per år.

Studentar som reiser på utveksling til University of Saskatchewan betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er på utveksling. Andre mindre avgifter kan likevel påløpe.

Utveksling til USask kan åpne for stipend gjennom north2north.

Studentrapportar

Informasjon