Hjem
Studentsider
bilateral

China University of Political Science and Law Beijing og Det juridiske fakultet (BILATERAL - 3. og 5. studieår)

  • LandKina
  • ByBeijing
  • Studieplassar6
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen kan nyttast av studentar både på 3. studieår og på siste studieår av masterprogrammet i rettsvitskap.

For å kvalifisere til studium ved China University of Political Science and Law må du ha eit karaktersnitt på "rein C" eller betre.

Om tal på plassar:
I haustemesteret er det tre plassar til studentar på siste studieår.
I vårsemesteret er det to plassar til studentar på 3. studieår og éin plass til studentar på siste studieår.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.

I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.

Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.

Om antall plassar:

Frå studieåret 25/26 kan ikkje fakultetet fordele det totale antalet plassar ved CUPL fritt mellom semestra. Sjølv om vi har totalt 6 plassar, kan maks 3 studentar utveksle i haustsemesteret, og maks 3 studentar utveksle i vårsemesteret.

Språk

Det vanlege undervisningsspråket er kinesisk, men dei har òg eit avgrensa emnetilbod på engelsk, så det er ikkje naudsynt å kunne kinesisk for å reise på utveksling til China University of Political Science and Law. Studentar som har oppnådd karakteren 4 eller betre i engelsk frå norsk videregåande skole treng ikkje å ta TOEFL/IELTS-test.

Universitetet tilbyr språkkurs i kinesisk for internasjonale studentar.

Kva emne kan eg ta

Utvekslar du til dette universitetet på 3. studieår tar du juridiske emne som blir godkjente som valemne på 3. studieår.

Utvekslar du til dette universitetet på 5. studieår tar du juridiske emne som blir godkjente som spesialemne (10 sp) og fordjupingsemne (20 sp).

Ved China University of Political Science and Law (CUPL) kan du velje blant emna som blir tilbydde som del av LLM-programma i Comparative Law og i International Law. Sjølv om du vel emne frå LLM-programma betyr ikkje dette at du vil oppnå ein LLM-grad frå CUPL.

Du vel frå dei same emna uansett om du utvekslar på 3. eller på 5. studieår. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare, ved UiB eller på utveksling.

CUPL nyttar eit poengsystem der 15 kinesiske credits svarer til 30 norske studiepoeng ved Det juridiske fakultet ved UiB.

Fordi Kina ikkje har eit einskapleg nasjonalt grads- og creditsystem, varierer det frå universitet til universitet kor mange credits fakultetet vurderer at tilsvarar 30 norske studiepoeng.

.

Studieavgift

Studentar som reiser gjennom denne avtalen betaler ikkje skolepengar eller studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Vi gjer merksam på at CUPL stiller krav om en omfattande helseattest som del av søknadsprosessen til universitetet. Helseattesten krev mellom anna at ein tek røntgenbilete av lungene. Å få utferda slik helseattest er ikkje del av det ordinære offentlege helsetilbodet, og ein vil difor få ekstrakostnader til røntgen hos private helsetenester.

Når ein får slike ekstrakostnader hjelper det at studentar som utvekslar til Kina får eit tilleggstipend frå Lånekassen. For studieåret 24/25 er dette på kr 4277 per månad.

Årsaka til ekstrastipendet er innført fordi nasjonale politikarar ønskjer å motivere fleire norske studentar til å studere i land som Norge særleg ønskjer å samarbeide med når det gjeld forsking og høgare utdanning.

Andreas Slettevold - utveksling Kina

Produsent:
Utdanning i verden

Studentrapportar

Blomster foran bygg på campus
Foto/ill.:
© China University of Political Science and Law

Informasjon