Hjem
Studentsider
erasmus+

Universität Vechta og Institutt for filosofi og førstesemesterstudier (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByVechta
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar som går på bachelorprogrammet i filosofi ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudium (FOF), men også andre studentar som ønsker å ta filosofiemne når dei er på utveksling kan søke.

Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng. Du må også ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile den perioden du er på utveksling. Studentar som går på bachelorprogrammet i filosofi ved FOF vil bli prioritert om det er fleire søkarar enn det er ledige plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i filosofi: Det passar best å reise på utveksling i fjerde, femte eller sjette semester av bachelorprogrammet.

Studentar på andre studieprogram: Ta kontakt med studierettleiaren for studieprogrammet du går på. Vanlegvis vil det passe best å reise på utveksling i eit semester når du kan ta emne som frie studiepoeng.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB. Vi anbefaler at du tar emne på 200-nivå på utveksling, då det er lettare å finne emne som kan godkjennast på 200-nivå enn på 100-nivå.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Meir informasjon finn du på denne nettsida:http://www.uni-vechta.de/en/international/

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Informasjon