Hjem
Studentsider
nordplus

Uppsala universitet og Det medisinske fakultet (NORDPLUS - Medicin i Norden)

  • LandSverige
  • ByUppsala
  • AvtaletypeNordplus
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld berre for medisinstudentar.

Når i studiet kan eg reise

Medisinstudentar kan reise på utveksling til Uppsala Universitet sitt 9. semester. Det er mogeleg å reise ut i haust- eller vårsemesteret.

Språk

Normalt vil det vere uproblematisk å nytte norsk som skriftleg arbeidsspråk når ein er på utveksling i Skandinavia. Ver likevel merksam på at det ved somme lærestader kan vere naudsynt å søke om særskilt løyve for å levere eksamen på norsk.

Kva emne kan eg ta

Kurset klinisk medicin V er vurdert som tilsvarande MED9 ved UiB, med unntak av medisinsk genetikk, som du må ta igjen etter utvekslinga.

Det er ikkje mulig å få dekt MED7 ved Uppsala universitet.

Studieavgift

Nordplus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Informasjon