Hjem
Studentsider
erasmus+

Aegean University og Institutt for sammenliknende politikk (ERASMUS+)

  • LandTyrkia
  • ByIzmir
  • Studieplassar5
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar ved Det samfunnsvitskapelege fakultet har fortrinn på å reise ut gjennom denne avtalen. Søkarar frå andre fagområde kan vurderast dersom det er ledige plassar. Det er krav om at du må ha tatt minst 60 studiepoeng ved utreise.

Når i studiet kan eg reise

Normalt passar det best å reise på utveksling for eit heilt eller halvt år mellom tredje og sjette semester av bachelorprogrammet.For masterstudentar passar det vanlegvis best å reise ut i andre semester.

Merk at haustsemesteret har eksamen i januar/februar slik at du planlegg for dette.

Språk

Undervisningsspråka ved universitetet er tyrkisk og engelsk. Universitetet anbefaler at du har forkunnskapar tilsvarande B1-nivå etter EU sine retningslinjer for språkkompetanse (CEFR).

Kva emne kan eg ta

Du kan velje blant eit breitt spekter samfunnsvitskapelege emne og emne i tyrkisk språk. På denne nettsida finn du praktisk informasjon og oversikt over emnetilbodet ved universitetet. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år. Kvart emne utgjer 2-5 ECTS.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Informasjon