Hjem
Studentsider
erasmus+

Bogaziçi (Bosphorus) University og Institutt for sammenliknende politikk (ERASMUS+)

  • LandTyrkia
  • ByBebek/Istanbul
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på programma i samanliknande politikk og europastudium har fortrinn på plassane før andre samfunnsvitskapelege fagområde.

Søkaren må ha tatt minimum 60 studiepoeng ved utreise og må ha minimum C-snitt. Fortrinnsvis B-snitt.

Når i studiet kan eg reise

Normalt reiser ein ut for eit heilt eller halvt år mellom tredje og sjette semester. Masterstudentar reiser normalt ut i andre semester.

Sjå instituttet sine nettsider for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk. B2-nivå (CEFR) blir anbefalt.

Dersom du ikkje har nok engelskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Department of Political Science and International Relations høyrer til The Faculty of Economics and Administrative Sciences. Dei tilbyr ei rekke ulike emne i statsvitskap innan for eksempel samanliknande politikk, internasjonale relasjonar, politisk teori og tyrkisk politikk. På denne nettsida finn du ein oversikt over alle emna ved instituttet.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Flott bygning
Foto/ill.:
© Bogaziçi Üniversitesi

Informasjon