University of Galway og Det juridiske fakultet (ERASMUS+ - 3. studieår)
- LandIrland
- Studieplassar6
- StudienivåBachelor
- AvtaletypeErasmus+
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Denne avtalen kan nyttast av studentar på 3. studieår av masterprogrammet i rettsvitskap.
Når i studiet kan eg reise
Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.
I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.
Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.
Språk
Undervisningsspråket er engelsk.
Kva emne kan eg ta
Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som valemne på 3. studieår (2021-studieordninga).
På denne nettsida finn du oversikt over kva emne som er tilgjengelege for utvekslingsstudentar.
Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.
Studieavgift
Erasmusstudentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UIB for heile den tida dei er ute.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Universitetet i Galway vart grunnlagt i 1845. Opphavleg hadde det tre fakultet: kunst, medisin og jus. I dag har universitetet fem "Colleges" og meir enn 18 000 studentar. Om lag 2300 av studentane er internasjonale studentar. Universitetscampusen ligg ved elva Corrib, og bygningane er ei blanding av Tudor-stil og nyare bygningar.
Galway er den tredje største byen i Irland, og ligg på vestkysten, ved inngangsporten til Connemara som er det største irsktalande området i Irland. Connemara er kjend for eit flott og stemningsfult landskap med innsjøar, myrer og fjell. Galway blir av mange sett på som kulturhovudstaden i Irland, og er kjend for sitt livlege natteliv, utmerka restaurantar og mange fesitvalar og kulturhendingar. Med eit folketal på 76 000, utgjer studentane om lag 20 prosent av befolkninga og set dermed sitt preg på byen.
Bustad
Universitetet tilbyr rom i studentbustad til ein del Erasmusstudentar, men det er ikkje nok rom til at alle som ønskjer det kan få tilbod. Etter at ein har fått opptak til University of Galway er det førstemann til mølla for reservasjon av rom i studentbustad.
I tillegg bistår universitetet med tips og råd om på kva andre måtar ein kan finne seg bustad.
Det er stor press på leigebustadmarknaden i Galway slik at universitetet rår studentar frå å reise til Galway utan å ha funne bustad på førehand. Det er enklare å finne bustad i vårsemesesteret enn i haustsemesteret.
Semesterinndeling
September til desember og januar til mai.
Informasjon
- Hjemmesidehttps://www.universityofgalway.ie/#
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb9842
- FagnavnJuridiske fag