Hjem
Studentsider
bilateral

Seoul National University og Universitetet i Bergen (BILATERAL)

  • LandSør-Korea
  • BySeoul
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtala er i utgangspunktet open for alle UiB-studentar, men sidan det er ein del restriksjonar på kva fag ein kan ta ved SNU (mellom anna kan ein ikkje ta juss-emne, med mindre ein kan koreansk), anbefaler vi den berre for studentar med frie studiepoeng i sitt utvekslingssemester. SNU krev at søkarar er minst på sitt andre semester på heimeuniversitetet på søknadstidspunktet, noko som gjer at masterstudentar på sitt fyrste semester ikkje kan søke. SNU har krav om karakteren C eller betre i snitt for å gi opptak.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiaren ved instituttet/ fakultetet du studerer ved for informasjon om dette.

Språk

Undervisningsspråket er koreansk på dei fleste studieprogramma, men alle fakultet tilbyr òg nokre emne på engelsk.

Kva emne kan eg ta

Utvekslingsavtalen omfattar dei fleste fagfelt, men med nokre restriksjonar. Ein kan blant anna ikkje studere medisin og odontologi ved SNU.

Studieavgift

UiB har ein utvekslingsavtale med SNU som inneber at vi kan få inntil fire friplassar kvart år.

Frå 2021 innførte Korea eit krav om å kjøpe helseforsikring gjennom Korea National Health Insurance, som beløper seg til om lag 40 000 KRW per månad.

Ved utveksling til Sør-Korea får ein eit ekstrastipend frå Lånekassen.

Studentrapportar

Informasjon