Hjem
Studentsider
bilateral

Yamanashi Gakuin University og Universitetet i Bergen (BILATERAL)

  • LandJapan
  • ByKofu-shi
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen er i fyrste rekke for studentar som studerer japansk, og dei vil verte prioritert ved tildeling av plassar.

Universitetet krev eit karaktersnitt mellom C og D for å gi opptak. I tillegg må ein dokumentere engelskkunnskapar dersom ein skal følge undervisning på engelsk.

Denne avtalen vert normalt berre lyst ut ved fristen 25. august.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiaren ved instituttet/fakultetet du høyrer til for informasjon om dette.

Språk

Universitetet tilbyr emne både på japansk og engelsk. Alle emne ved iCLA blir undervist i på engelsk.

Universitetet krev dokumentasjon for språkkunnskapar for studentar som skal følge undervisning på engelsk, anten vitnemål for karakteren 4 eller betre i engelsk frå vidaregåande skole, eller i form av ein engelsktest som er godkjent av universitetet.

Kva emne kan eg ta

Studentar frå UiB vil studere ved International College of Liberal Arts (iCLA) som er eit heilt nytt fakultet. iCLA tilbyr programma Japan Area Studies Program (JAS) og the Japanese Language Program (JLP). JLP har kurs i japansk språk på ulike nivå.

Ver merksam på at fyrsteårskurs normalt ikkje kan godkjennast. Eit fulltidsstudium ved dette universitetet utgjer15 lokale credits per semester.

Studieavgift

UiB har ein utvekslingsavtale med Yamanashi Gakuin University som inneber at vi vanlegvis får fleire friplassar i året.

Studentrapportar

Tegning av campus
Foto/ill.:
© Yamanashi Gakuin University

Informasjon