Hjem
Studentsider
erasmus+uk

Glasgow School of Art og Fakultet for kunst, musikk og design (ERASMUS+UK)

  • LandStorbritannia og Nord-Irland
  • ByGlasgow
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+uk

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på bachelorprogramma i kunst og design. Det er eit krav at du må tatt minst 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar i design er det mogleg å reise på utveksling i 4. semester. For bachelorstudentar i kunst er det mogleg å reise på utveksling i 3. og/eller 4. semester. Ta kontakt med hovudrettleiar om du er usikker på når det passar best.

Det er berre mogeleg å søkje til Glasgow School Art ein gong i året: Du må søkje i vårsemesteret (UiB-frist 1. februar) uansett om du ynskjer å dra ut på hausten, våren eller i eit heilt år.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk. Sjå lærestaden sine heimesider for meir informasjon.

Kva emne kan eg ta

Frie studiepoeng - du kan velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Studentar som reiser på Erasmus-avtalar til Storbritannia får ikkje Erasmus-stipend på grunn av Brexit (Storbritannia er ikkje lenger med som programland i Erasmus-programmet), men treng ikkje betale studieavgift ved vertsuniversitetet. Alle utvekslingsstudentar skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Informasjon