Hjem
Studentsider
erasmus+

Technische Hochschule Würzburg-Schweinfurt og Institutt for design (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByWürzburg
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på bachelor- og masterprogrammet i design. Det er eit krav at du må tatt minst 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar i design er det mogleg å reise på utveksling i 4. semester. For masterstudentar er 2. semester best eigna for utveksling. Ta kontakt med hovudrettleiar om du er usikker på når det passar best.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Frie studiepoeng - du kan velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universitetet Würzburg-Schweinfurt, også kalla FHWS, har meir enn 9300 studentar. Universitetet vart grunnlagd i 1971 og har to campusar, i byen Würzburg og i Schweinfurt. FHWS har ti fakultet og tilbyr om lag 40 bachelor- og mastergradar. Fagtilbodet dekker teknologi, økonomi, samfunnsfag, informatikk visuell design og språk. Universitetet er prega av ein praksisorientert tilnærming med prosjekt og seminar og mykje praktisk arbeid i laboratorium.

Würzburg er kjend som ein kultur- og universitetsby. Byen har om lag 130 000 innbyggarar og ligg søraust for Frankfurt, nær midten av landet. Byen har vakre bygningar og er elles kjend for å vere feststemd. Det vert hevda at byen har den tettaste konsentrasjonen av kneiper og uteplassar per innbyggar i Tyskland. I tillegg blir det arrangert festivalar og «vinfestar» på løpande band i sommarhalvåret.

Bustad

Lærestaden har ingen studentbustadar, så utvekslingsstudentar må belage seg på å finne bustad på eiga hand.

Semesterinndeling

oktober - februar

mars - juli

Informasjon