Fann armfotingen sin stamfar
Forskarar frå Universitetet i Bergen har funne armfotingane sin urgamle forfar, og provar at skalet og busten på skjella har eit mykje eldre opphav enn ein har trudd. Resultata er publiserte i det anerkjente vitskaplege tidsskriftet PNAS.
Hovedinnhold
Brachiopodar, eller armfotingar, ser ved første augekast ut som muslingar, men er ganske forskjellige anatomisk. Som larver lever dei eit svært mobilt liv, og symjer rundt i kaldt vatn. Når dei vert vaksne, derimot, veks skjella deira seg tyngre , dei synk ned til havbotnen og flytter aldri på seg att.
No har forskarar funne molekylære prov på at dei harde veva i børsteormar, blåskjell og og brachiopodar deler eit felles opphav ein kan spora tilbake til Kambrium, ein periode som byrja kring 540 millionar år sidan.
Resultata er publiserte i det vitskaplege tidsskriftet Proceedings of the National Academy of Sciences of the United States of America (PNAS) av forskarar frå Sars International Centre for Marine Molecular Biology ved Universitetet i Bergen (UiB).
Undersøkte urgamle gener
– Ein finn slike skjell frå Kambrium-perioden, og dei har ikkje endra seg. Vi ville sjå nærare på ei særskilt gruppe gener i brachipodane, seier Andreas Hejnol, forskar ved Sars-senteret.
Ved å sjå på HOX-gener fann forskarane ut at desse genene også formar dei harde veva, det vil seie skjell og bust, i armfotingane. HOX-gener er ei gengruppe som formar den grunnleggjande strukturen og retninga i dyr frå hovud til hale.
Gjennom å sjå nærare på brachiopodane og dei harde veva deira, oppdaga forskarane noko nytt i genene deira.
– Vi fann fantastiske likskapar mellom brachipodane, sniglane og børsteormane og korleis HOX-genene deira fungerer, seier biologen.
Fann urgammal forfar
HOX-genene kontrollerer korleis skjella og dei harde veva til armfotingane veks når dei utvikler seg som larver.
– Vi konkluderte med at brachipodane måtte måtte vere etterkomarar av ein fossil som hadde både chaetae og skjell, seier Hejnol.
Forfaren viste seg å vera Wiwaxia, eit tre til fem centimeter langt dyr som levde i Kambium, rundt 500 millionar år sidan.
– Wiwaxia var dekka av skjell og hadde store bustar av hardt vev. Denne forfaren er modellen til korleis armfotingane sin bust og skjell veks i dag. Det gjev Wiwaxia ein tydeleg plassering innan ei viss gruppe dyr, seier Hejnol.