Hjem
Forskning
Ph.d.-utdanning

Ta ein ph.d. ved UiB!

Ph.d.-utdanning gjer deg moglegheit til å kunne jobbe i akademia og forske på eit felt du har interesse for. Martin Mindestrømmen jobba som forsvarsadvokat, men ville fordjupe seg i spørsmål mellom strafferett, psykisk helse og filosofi. – Eg føler ikkje at eg går på jobb, men det kjem pengar på konto, seier ph.d.-stipendiaten.

portrett av Martin Mindestrømmen
Foto/ill.:
Dag Hellesund

Hovedinnhold

Då Mindestrømmen byrja på universitetet blei det på ein bachelor i filosofi og idehistorie. Men han forstod etter kvart at det var juss han eigentleg ville drive med. Etter studia fekk han jobb som advokatfullmektig, med mange saker innan strafferett.  

- Då fekk eg besøkt ein god del av fengsla i Norge, fortel Mindestrømmen, med glimt i auget. Han jobba òg med utlendingsrett, familierett og barnevernssaker, og ei av barnevernsakene han hadde enda opp i Den europeiske menneskerettsdomstolen. Etterpå jobba han som rådgjevar for Kompetansesenter for sikkerheits-, retts- og fengselspsykiatri i Helse Bergen.  

- Spørsmåla eg jobba med der er direkte forløparar til doktorgradsprosjektet mitt.

Forskar på særreaksjonar

Mindestrømmen forskar på særreaksjonar i strafferetten: Tvungent psykisk helsevern og tvungen omsorg.  

- Det var forvirring blant fleire om korleis særreaksjonane skulle forståast, med mykje uklarheit og variasjon i rettspraksis. Eg brukte ein del tid på å sjå på det, og det resulterte i ein artikkel. Konklusjonen var at her trengst det eit djuparegåande studium.  

Så lagde han ei prosjektskisse, og søkte på ei open stilling, som han fekk.  

- Eg skreiv stor masteroppgåve då eg tok jussen, og det ga meg meirsmak på korleis det ville vere å forske. Eg hadde lyst til det, og lysta forsvann ikkje. Det låg under heile tida, sjølv om det var gøy og spennande å vere advokat, seier Mindestrømmen.  

Om eg kan velje vil eg veldig gjerne bli her. Eg synest det er heilt fantastisk å kunne jobbe på denne måten, og vere ein del av strafferettsmiljøet her i Bergen.

Då han fekk barn var det ikkje så lett å kombinere familieliv med pliktene som forsvarsadvokat, som på ingen måte er ein 8-til-4-jobb.  

- Og i den marknaden fungerer det slik at om du ikkje er «på» når nokon treng det, så går dei til nokon annan. Og så var det i aukande grad utilfredsstillande å stå og prosedere på rettslege spørsmål eg kunne tenkt meg å fordjupe meg i. Som advokat har du ikkje tid til å setje deg ned og lese, slik eg har no.  

Byter tid og sjølvutvikling med lågare løn

Men stipendiatar tener mindre enn advokatar.  

- Om ein vil ha store pengar trur eg ein må gjere noko anna. Men det har gått fint å omstille seg. Og utifrå godane ein får vil eg seie at det er godt betalt: Du får løn for å sitje og fordjupe deg i problemstillingar du interesserer deg for. Du byter tid til refleksjon og sjølvutvikling med lågare løn.