Hjem
Det psykologiske fakultet
Stand og profilering

Stand på Det psykologiske fakultet

Ønskjer du å stå på stand på Det psykologiske fakultet? Sjå under om du kan det og kva du må gjere for å få lov til dette.

Studenter som sitter bak et bord med brosjyrer på
Foto/ill.:
Product School,

Hovedinnhold

Alle studentorganisasjonar som er registrert under Kulturstyret i Velferdstinget har løyve til å stå på stand i Christies gate 12 på kvardagar mellom 10-15. Dersom organisasjonen din står på lista, kan du sende inn en søknad om å få stå på stand. Det berre tillate med éin stand per dag. 

Andre ikkje-kommersielle aktørar må ta kontakt med Eigedomsavdelinga ved UiB (post@eia.uib.no) for å søkje om løyve til å stå på stand. Inkluder navn på organisasjonen og kontaktinfo i søknaden. 

Kommersielle aktørar har ikkje løyve til å stå på stand ved Det psykologiske fakultet.

Ta kontakt med informasjonssenteret i 1. etasje i Christies gate 12 dersom du har fleire spørsmål om dette.

 

Retningslinjer for stand og profilering på Det psykologiske fakultet

1)   Kven kan stå på stand?

Alle studentorganisasjonar som er registrert under Velferdstinget har løyve til å stå på stand i Christies gate 12 på kvardagar mellom kl. 10 - 15. Andre ikkje-kommersielle aktørar må ta kontakt med Eigedomsavdelinga ved UiB (post@eia.uib.no) for å søke om løyve til å stå på stand.

2) Stand-område og tillate profilmateriell

Fakultetet har eit eige standområde ved inngangen til Bjørn Christansens hus i 1. etasje.
Følgande profilmateriell er tillate:

  • Roll-ups ved sida av stand
  • Plakatar på stand og i lovlege plakatområde
  • Brosjyrar og anna profilmateriell til utdeling
  • Enkel mat og drikke som ikkje er sponsa av, eller som blir oppfatta som reklame for kommersielle aktørar (til dømes kaffi, Twist, smågodt, muffins og liknande)

Følgade er ikkje tillate:

  • Lyd- og videomateriell
  • Produkt frå kommersielle aktørar (til dømes reklamemateriell, forbruksvarer, smaksprøver og liknande).
  • Utstyr som blokkerer vegen ut eller sikt for studentar (større plakatar, banner, møblar osv.).

3) Rydding

Utstillarar må rydde og ta med seg alt profilmateriell ved slutten av kvar utstillingsdag. Dette gjeld også utstillingar som varer i fleire dagar. Om møblar har vore i bruk, skal desse også bli rydda bort. Om vaflar blir steikt, må studentane sørgje for å rydde godt etter seg.

4) Vikeplikt

Løyve til å stå på stand blir gitt under føresetnad av at utstillinga ikkje kjem i konflikt med anna verksemd på fakultetet. Interne arrangement har alltid forrang, også dei som blir oppretta etter at løyve til stand er gitt.