Hjem
Det psykologiske fakultet
Utdanningsplan bachelor i spesialpedagogikk

Utdanningsplan bachelor i spesialpedagogikk for studentar tatt opp før hausten 2024

Frå hausten 2024 er det endringar i utdanningsplanen for studentar med opptak til bachelorprogrammet i spesialpedagogikk. På denne sida finn du utdanningsplanen for deg som starta før hausten 2024

Hovedinnhold

Dette er eit treårig fulltidsstudium. Graden er bygd opp av 180 studiepoeng som er fordelt på dei tre kategoriane: Innføringsemne (25 studiepoeng), spesialisering (125 studiepoeng) og valfrie emne (30 studiepoeng).   

Dei valfrie emna kan i prinsippet fyllast med alle typar godkjent høgare utdanning som ikkje overlappar med det som er obligatorisk i graden. Du kan, innanfor visse rammar, velje blant alle emne som blir tilbydd på UiB.  

Under ser du den anbefalte oppbygginga av studiet. Namnet på emnet er lista opp først, etterfølgt av emnekoden og antal studiepoeng i parentes.  

1. semester  

  • Innføring i spesialpedagogikk (SPED100, 15 studiepoeng) 
  • Pedagogiske perspektiv på læring (PED112, 15 studiepoeng) 

2. semester  

  • Språkutvikling (SPED101, 15 studiepoeng) 
  • Utviklings-, kognitiv og biologisk psykologi (PSYK114, 15 studiepoeng) 

3. semester 

  • Observasjon, kartlegging og tiltak i spesialpedagogisk praksis (SPED102, 15 studiepoeng) 
  • Læring og atferdspsykologi (PSYK207, 15 studiepoeng) 

4. semester 

  • Examen Philosophicum (EXPHIL-PSSEM, 10 studiepoeng) 
  • Vitskaplege metodar (PED210, 15 studiepoeng) 
  • Lese- og skrivevanskar (SPED211, 5 studiepoeng) 

5. semester 

  • Utanlandsopphald eller valfrie emne (30 studiepoeng) 

6. semester  

  • Profesjonstenkning – lovverk og etikk i teori og praksis (SPED200, 15 studiepoeng) 
  • Bacheloroppgave i spesialpedagogikk (SPED250, 15 studiepoeng)